Livet med buhund

Det er bedre med to buhunder enn ingen buhund

I dag blei denne karen 5 månadar. I løpet av de vel 3 månadane han har budd hos oss har han rokke å bli konge over ein hjørnesofa (det vesle som er igjen av sofaen), prins av hundeseng i stova, voktar av undersida på ein rammemadrass, og han har tatt ansvaret for konstant, generell omorganisering/ommøblering…

By

Gratulerar med dagen, Ulf

Valp foran TV-skjerm med bilde av to syklister

I dag blei denne karen 5 månadar. I løpet av de vel 3 månadane han har budd hos oss har han rokke å bli konge over ein hjørnesofa (det vesle som er igjen av sofaen), prins av hundeseng i stova, voktar av undersida på ein rammemadrass, og han har tatt ansvaret for konstant, generell omorganisering/ommøblering av stova.

Han har og gjort seg kjend med ordensreglane i huset, slik at han ikkje treng kaste bort tida på slike ting som er lov, og som ikkje fører til særleg merksemd frå meg eller Bjørn. Det er tydeleg at han har eit prosjekt gåande, der han utforskar kor langt han kan gå (les: kor mange møblar han kan maltraktere) og likevel sleppe heilskinna frå det ved hjelp av god gammaldags sjarm og eit uskuldig blikk.

Til no er det tidlegare nemnde hjørnesofa og rammemadrass det har gått hardast ut over. Salongbordet har og merke etter iherdig utprøving av motstandskraft mot gnaging. Eg har etterkvart sett opp varselskilt på stolaen rundt spisebordet. Dei har no berre ein dekorativ funksjon (og denne har blitt høgst tvilsam, etterkvart) og faren for total kollaps dersom nokon skulle finne på å setje på dei, er høgst reell. Eg er usikker på om dyreforsikringa dekker ansvar som følgje av tyggeiver hos kvalpar.

Om han går for langt veit han likevel å hente seg inn ved å vera noko av det kjærlegaste, trivlegaste, folkekjære og venlegaste ein kan tenke seg. Landevegssykling er han ikkje vidare interessert i.


Oppdag mer fra Livet med buhund

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

Legg igjen en kommentar